0.0
0 review
22.46 MB
Everyone
Content rating
530.1K
Downloads
Alle Mot 1 screenshot 1 Alle Mot 1 screenshot 2 Alle Mot 1 screenshot 3 Alle Mot 1 screenshot 4 Alle Mot 1 screenshot 5 Alle Mot 1 screenshot 6 Alle Mot 1 screenshot 7 Alle Mot 1 screenshot 8 Alle Mot 1 screenshot 9 Alle Mot 1 screenshot 10 Alle Mot 1 screenshot 11 Alle Mot 1 screenshot 12 Alle Mot 1 screenshot 13 Alle Mot 1 screenshot 14

About this product

Play with All against 1 on NRK1.

Alle Mot 1 description

Spel med når Alle mot 1 går på NRK1 på laurdagar.

Du deltek ved å svare i appen og kjempar saman med andre sjåarar mot deltakaren i studio. Dersom du er heldig kan du vinne pengepremien på opp til 100 000 kroner.

Programmet handlar om å gjette nærast riktig svar på rare, morosame og spektakulære eksperiment som:
*Kor lang tid tek det å dela ein bil i to?
*Kor mange meter klarar ein klatrar å klatra opp eit tau?

Det er sjølvsagt heilt gratis å delta vi Alle mot 1-appen.
Du kan spela med kvar laurdag frå 11. februar til 08. april 2023.

Alle kan delta, men du må registrere telefonnummer og vere fylt 13 år for å kunne vinne pengepremien.
Telefonnummeret blir kun brukt til å kontakte vinnaren, som blir trekt ut blant registrerte spelarar.

Dersom du registrerer deg vil du hjelpe oss med, og vere ein del av, statistikk over korleis Noreg gjer det undervegs i programmet. Vi håpar du tek deg tid til dette, men det er ikkje eit krav for å delta i spelet.

Du kan óg invitere vener og familie til å spele med kvarandre i appen.
Saman vil de konkurrere i å få høgast samanlagt poengsum.

Dersom du opplever problem med spelet, kan du kontakte oss på: [email protected]
↓ Read more